Medlemskap i EU vil gje målrørsla eit unikt høve til å påverke språkpolitikken i EU

(for my English readers: one off article in Norwegian (nynorsk) on the issue of language and the EU, previously published in the periodical Dag og Tid)

Målsaka har alltid vore inspirert av internasjonale og spesielt europeiske impulsar. Fleire av dei nynorske føregangsmennene var europeisk orienterte. Eg kan nemne Ivar Aasen, og ikkje minst Arne Garborg og Aasmund O. Vinje. Dette heng saman med at norsk kultur ikkje kan isolere seg, men må utvikle seg i samspel med det beste frå andre kulturar.

Eg meiner EU styrkjer det språklege og kulturelle mangfaldet i Europa i dag og fungerer som ei av dei viktigaste motvektene til den angloamerikanske påverknaden. Ein medlemskap vil sikre Noreg innverknad i den alleuropeiske politiske samskipnaden som EU er. Berre slik kan vi sikre sjølvråderetten og innverknad på vår eigen kvardag.

Språkleg mangfald i EU
Demokrati er avhengig av kommunikasjon, og kommunikasjon er avhengig av språk. Med dei mange offisielle språka sine vil EU kommunisere med borgarane – på deira eige språk. EU nyttar fleire språk enn andre internasjonale organisasjonar. NATO og Europarådet har til dømes berre to offisielle språk og FN har seks. Etter EU-utvidinga austover har talet på offisielle språk i EU auka frå 11 til 23.

Ikkje-diskriminering og rett til innsikt er mellom dei grunnleggjande demokratiske prinsippa som ligg bak dette talet. Dei lovene som er i eit demokrati, skal vere forståelege for alle borgarane. Lovgjevinga til EU skal derfor vere tilgjengeleg for folket i medlemslanda på deira eige språk, og det skal ikkje vere nokon skilnad mellom den måten folk i store og små land blir handsama på. Statusen som offisielt språk i EU inneber konkret at alle EU-borgarane kan vende seg til EUs institusjonar og få svar på sitt eige språk, at offentlege EU-møte blir tolka og at lovgjeving blir omsett. Ministrane i medlemslanda kan snakke på sitt eige språk på møta i EUs ministerråd, og ein svensk europaparlamentarikar, til dømes, kan tale i Europaparlamentet på svensk.

EU er eit mangfald av ulike kulturar som lever side om side, og EU viser gjennom ord og handling at dei vil ta vare på og styrkje dette mangfaldet. Med ord bind EU seg til å «respektere det kulturelle, religiøse og det språklege mangfaldet», slik det heiter i EUs charter for grunnleggjande rettar. Det «språklege mangfaldet» omfattar dei offisielle språka og dei mange regionale og mindre utbreidde språka. EU medverkar gjennom handling mellom anna til å fremje språkopplæring. Utdanningsprogram som Socrates og Leonardo brukar om lag 240 millionar kroner årleg på opplæring i ulike EU-språk. Medieprogrammet støttar mellom anna teksting av europeiske filmar som blir viste i andre land. Kulturprogrammet gjev støtte til europeisk litteraturutveksling og litterære omsetjingar. Nynorskskrivande forfattarar som Kjartan Fløgstad, Carl-Frode Tiller og Bjørn Sortland har blitt omsette med støtte frå dette programmet. Carl-Frode Tiller fekk også EU sin prestisjefylte litteraturpris i 2009 for sitt nynorske verk Innsirkling.

Også verka til fleire andre norske forfattarar har blitt omsette med hjelp frå EU: Herbjørg Wassmo kan som følgje av EU-støtte lesast på fransk og Anne-Cath. Vestly er omsett til litauisk. I 2000, 2001 og 2004 fekk Samlaget i alt omkring 285 000 kroner i støtte for å omsetje europeisk litteratur til nynorsk – forfattarar som Harold Pinter, Nathalie Sarraute og David Harrower blei på denne måten tilgjengelege for eit nynorsklesande publikum. Totalt fekk norske forlag 10,9 millionar kroner i støtte frå kulturprogrammet frå 2000-2006.

Språka blir styrkte i EU
Ein konsekvens av ynsket til medlemslanda om eit fleirspråkleg samarbeid er at tolkar og omsetjarar er viktige i EUs kvardag: Kvar tredje akademikar som er tilsett i EU, er omsetjar eller tolk. Det er klart at det fleirspråklege kostar – for å vere meir nøyaktig kostar det om lag ein kaffikopp i året per innbyggjar. Den kaffikoppen er europearane villige til å betale for å ta vare på det språklege mangfaldet. Til dømes var det i mange år forbode å undervise i sardinsk på Sardinia (sardinsk er eit eige språk som ligg nærare latin enn det noverande italiensk, og liknar meir på katalansk enn italiensk). Då EU vedtok politikken om språkleg mangfald endra også Italia politikk, og no er det lov å undervise i sardinsk att på Sardinia, ein føresetnad for å halde språket i hevd. Den offisielle politikken og dei praktiske handlingane til EU er å styrkje språka og språkleg mangfald i landa, ikkje underkue dei.

Mange hevda at stillinga til dei mange ulike språka kom til å bli svekt då EU blei utvida frå 15 til 27 land. Tvert imot har utvidinga medverka til å setje fokus på dei språklege verdiane i EU, og EU har forplikta seg til å ta vare på den fleirspråklege karakteren sin. Det har vore vurdert å gjere katalansk, baskisk og walisisk til offisielle språk i EU, og Europaparlamentet har alt opna for at desse språka kan nyttast i deira møte. Gælisk vart offisielt EU-språk 1 januar 2007. Innsatsen EU gjer for det språklege mangfaldet er eit kraftig argument overfor kritikarane som hevdar at EU fjernar det nasjonale særpreget. I 2007 lanserte EU ein ny språkpolitikk som igjen stadfestar kor viktig det språklege mangfaldet er i EU, og dei lanserte ei rekkje tiltak for å utvikle dette vidare.

Norsk og norskdom i EU
Mange trur nynorsken kjem til å tape dersom Noreg blir med i EU. Eg trur det motsette. Vi vil mellom anna kunne få mange tekstar omsette til nynorsk frå til dømes svensk, fransk eller engelsk, fordi EU ikkje legg nokon føringar for om dei norske omsetjarane omset til nynorsk eller bokmål. Nynorsk og bokmål er sidestilte i Noreg, og det vil difor vere ei nasjonal politisk avgjerd om denne omsetjinga skjer til bokmål eller nynorsk. Alternativet er at det blir som i dag, på andre språk enn det norske.

Ein medlemskap vil ikkje gjere noko med dei nasjonale utfordringane som vi står overfor dersom einskilde politiske parti får det som dei vil. Målkampen må framleis kjempast i skulen, på Stortinget og i media. Ein EU-medlemskap vil gje oss høve til å bruke fleire av støtteordningane og tiltaka i EU som fremjar det kulturelle og språklege mangfaldet i Europa. Vi vil òg få høve til å påverke og støtte oss til den offensive europeiske språkpolitikken. I tillegg får vi delta saman med dei europeiske naboane våre i å forme den felles framtida vår i verda og i Europa.

Ein versjon av denne artikkelen stod på trykk i Dag og Tid, laurdag 19. august 2006. Oppdatert januar 2010 for Norsk Målungdom sitt debatthefte.


About this entry